Flåm Camping og Vandrarheim

Flåm Camping og Vandrarheim er lokalisert i sentrum av Flåm med kort avstand til Flåmsbana og fjordturar på Nærøyfjorden.

Omkransa av høge fjell i indrefileen av det vestnorske fjordlandskapet. På grasskledde bakkar på terassane, i eplehagen og på teltområdet trur me det finst ein plass du vil like. Eit godt utgangspunkt for allsidige aktivitetar både på fjorden og i fjellet.

På ein regnversdag eller om sola skulle bli for sterk kan du søke  ly/skuggen i eit av dei tre grindbygga på plassen. Her kan du nyte maten i lag med andre.

5 min. gangavstand til sentrum av Flåm. Der finn du cafear, restaurantar, bakeri, Ægir bryggeripub, souvenirutsalg, turistinfo / besøkssenter, Flåm jernbanestasjon, Fjord cruise på Nærøyfjorden, Fjordsafari, Rallartoget, Flåm Segway tur, Flåmsbanemuseet og el-bilutleige.

5 min gangavstand til fotballbane, sandvolleyballbane og badestrand. Tilbod om guida kajakktur frå badestrondi. Gode fiskemoglegheiter i fjellvatni i området. Me sel fiskekort.

Leikeplass og dyr

Leikeplassen er lokalisert sentralt på plassen. Sauene og lammi kan ein sjå om våren når dei grasar i skråningane melleom terassane.

Hostel

Mange ulike romtypar med og utan eige bad. Tilgang til godt utstyrte gjestekjøkken og hyggelege samlingsplassar inne og ute.

Hytter

Ein variasjon frå utleigehytter for 4 personar med 2 soverom og bad til enkle campinghytter utan innlagt vatn. Feriehus med 3 soverom, kjøkken, bad og terasse i eit roleg hjørne av campingplassen.

Bubil og Caravan

Terasserte plassar for bubil, campingvogn og combi-camp. Sanitæranlegg lett tilgjengeleg.

Teltplass

Romsleg campingplass med både store opne og meir skjerma teltplassar. Tilgang til enkelt campingkjøkken, kle-vaskerom og sanitæranlegg.

Flåmsbana – Vandring i Flåmsdalen

Ta Flåmsbana til Vatnahalsen eller Myrdal. Følg “Rallarvegen” i Flåmsdalen tilbake til Flåm. Moglegheit til å stige på toget ved Berekvam stasjon dersom de ikkje vil gå heile vegen heim. Om sommaren kan de stoppe på Rallarrosa stølsysteri i Kårdalen for ein hyggeleg rast. Kjøpe ein kopp kaffi, sveler eller lokalprodusert ost. Dersom det fristar med luftige svev kan de ta nordens lengste Zipline frå Vatnahalsen til Kårdal!

Brekkefossen

Ta til høgre frå parkeringsplassen ved resepsjonen. Følg vegen rett fram i første kryss. Etter ca 1,5 km, ser du skiltet på høgre side av vegen som syner stien til Brekkefossen. Gå gjennom grinda og følg dei raude T-ane. Heile vegen opp til utsiktspunktet er det steinsett som trapp.  Brekkefossen er eit ynda fotomotiv og ein lett tilgjengeleg tur på ca 1,5 -2  timar. Ver vennleg å lukk grindene etter deg, da det beitar sauer i området på sommaren.

Me ynskjer deg velkomne til ein uformell og familiær atmosfære!

Kontaktopplysninger
Åpningstider
  • Åpent: 1.april - 30.okt
  • Fullservice-periode: 1.mai - 30.sept
  • Høysesong: 15.juni-30.august
  • Bobil/campingvogn: -Sommer
  • Telt: -Sommer
  • Hytte: -Sommer
  • Leilighet: -Sommer
  • Rom: -Sommer
Fakta
  • Antall plasser for både bobil- og vogn: 150
  • Antall teltplasser: 100
  • Hytter: 15
  • Rom: 25
Plassering
Video

Universell utforming (UU):

Universell utforming gjøres for å utforme samfunnet slik at så mange som mulig kan delta aktivt uavhengig av funksjonsevne.

Det er campingplassene selv som har gitt sin egenvurdering av hvor godt campingplassen er tilpasset.

Vi gjør oppmerksom på at kartleggingen ikke sier noe om kvaliteten på campingplassen, kun i hvilken grad de ulike tjenestene er universelt utformet.

UU: Parkering
UU: Inngang resepsjon
UU: Resepsjon
UU: Sanitæranlegg
UU: Gangveier
UU: Hytter, rom og leiligheter
UU: Butikk/kiosk
UU: Serveringstilbud (lokaler)
UU: Serveringstilbud (meny)
UU: Skilting
UU: Tilrettelagt uteområde